Gitvola (18.10.2020)

Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Turtype Fottur
Turlengde 3t 40min
Distanse 13,5km
Høydemeter 361m
GPS
Bestigninger Synsåsen V2 (799moh) 18.10.2020 12:18
Synsåsen V (803moh) 18.10.2020 12:31
Synsåsen (804moh) 18.10.2020 12:37
Gitvola (851moh) 18.10.2020 13:20
Andre besøkte PBE'er Snippkoia (760moh) 18.10.2020 12:57

Tur til Gitvola på Hedmarksvidda. Vi parkerte på Gåsbuvegen, bommen innover mot Brennsætra var åpen, men vi valgte å parkere der uansett.

Vi gjekk to kilometer på grusvegen, før vi tok av på råk vest for Synsåsen. Ikkje så veldig tydeleg råk, men veldig godt merka. Råket vart ein del betre etter krysset nord for Synsåsen. Fint å gå over dei tre haugane på Synsåsen, litt utanom råket på dei to siste.

Aust for Synsåsen kom vi inn på DNT-råket til Snippkoia. På Snippkoia tok vi ein kort pause, før vi gjekk opp til Gitvola. Mykje folk ved hytta på toppen. Vi tok matpause ved Snippkoia på veg attende.

Vi fann ein del kantarell på turen. Sjølv om det er seint på hausten, og kantarellen var frossen, plukka vi den med. Etter forvelling og steking smakte det veldig godt.

Snippkoia
Snippkoia
Snippkoia
Snippkoia
På veg oppover mot til Gitvola
På veg oppover mot til Gitvola
Kristine i utsiktstårnet
Kristine i utsiktstårnet
Utsikt frå tårnet; sørover mot Mjøsa
Utsikt frå tårnet; sørover mot Mjøsa
Utsikt frå tårnet; mot Nordhue
Utsikt frå tårnet; mot Nordhue
Matpause ved Snippkoia
Matpause ved Snippkoia

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.