Perfekt vær til Ruten (27.09.2020)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Ruten (1040moh) | 27.09.2020 |
---|
Hadde overnatta i Kristiansund etter Innerbergsalen i går, og var litt møre då vi stod opp. Men vêret var perfekt, ikkje ei sky og mildare og mindre vind enn på laurdag. Vi skulle levere leigebil, og fly frå Værnes, så valet fell på Ruten som låg greitt langs ruta vår. Parkerte på overfylt parkeringsplass på Borstad. Første strekk gjekk i skogsterreng oppover eit par hundre hm. Ille søylut, men lia heitte då også Søylia! Mykje folk heile turen. Veldig pussig korleis nokre fjell trekkjer til seg hordar, medan andre ligg nesten uforstyrra. Klart at Ruten var ein flott topp med mektig rundskode, men ikkje finare enn Innerbergsalen vel, og der møtte vi ein person. På denne turen møtte vi minst 50, inkludert Ove Aunli forresten! Etter å ha kome oss velberga opp søyleskogen, gjekk vi over elva på hengjebru, tok først feil til venstre, for vi følgde skiløypestikkene, men tok oss raskt innat, og gjekk inn på blåmerkt stig langs fjelleyggen rett opp for brua. Derifrå var det berre å spise høgdemeter i fint terreng. Toppunktet var fullt av folk, og vi fann ei nydeleg skorte i sola og hadde deilig rast utan å måtte kle oss særleg varmt. Vi brukte 2 timar og 10 opp, 1 time og 50 nedatt, resten av dei 4 timane og 42 minutt vi brukte på turen var pause. 919 hm, 12,6 km. Tom var med.
Kommentarer