Linesøya (08.08.2020)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Turtype Løpetur
Turlengde 2t 30min
Distanse 12,0km
Høydemeter 700m
Kart
Bestigninger Tindan (135moh) 09.08.2020 08:58
Stemmafjellet (175moh) 09.08.2020 08:58
Linesfjellet (230moh) 09.08.2020 08:58

Tur på Linesøya for litt sightseeing og toppsanking, og for eit avbrekk i buldringa på Harbak. Eg tenkte å ta alle toppane med start ved medisinutsalet, men rota meg litt vekk i det mildt sagt kuperte terrenget. Rota meg ned nordsida av Tindan, fann ikkje vegen opp på Stemmafjellet, og enda opp langt på nord-sida, før eg gav opp, og gikk meg på stien på austsida på veg tilbake. Så køyrde eg til hyttefeltet på vestsida av Linesfjellet, og gikk raskt opp og ned der.

Når det er sagt: både Linesfjellet og Stemmafjellet var fine turar, men særlig stien opp Stemmafjellet var artig. Spennande landskap og flott utsikt frå toppane over skjærgården, med Froan og Halten i det fjerne.

Diverre ingen bilder då det var nesten tomt for batteri på telefonen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.