Robekknuten - første gong (01.08.2020)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 17min
Distanse 23,6km
Høydemeter 838m
GPS
Bestigninger Robekknuten (1495moh) 01.08.2020

Køyrde til Bjåen, sykla dei 5 km til Sandsetvatnet, og gjekk derifrå. Det blei 10 km på sykkel, 13,6 på beina. Vått i dei store myrane, følgde stig til Grotvatnet, kryssa bekken mellom den øvre og nedre tjønni, gjekk over eidet og runda så nordover rundt Brattefjell. Fann ikkje stigen med ein gong, men den er der! Kom innpå etter kvart, og når eg tykte eg såg ein høveleg trase oppover Robekknuten skar eg av til venstre og fekk ei veldig fin rute opp vestryggen av Robekknuten. Godt å gå på lyng og berg. Var på toppen etter 2 timar og 5 minutt. Åt i le på nordsida av toppunktet, og gjekk same veg ned igjen. I det brattaste partiet gjekk eg kanskje 100-200 meter lenger vest ned. Deilig å ha sykkelen ved Sandsetvatnet. Totalt var det 842 hm frå Bjåen. Gjekk på 4 timar og 11 inkludert pause, sykla i ein dryg time på veg som var litt herja med av alt regnet førre veke og som var altfor sandete fleire stader. Gjekk aleine.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.