Kremtopp i kremvær (23.07.2020)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 15min
Distanse 8,5km
Høydemeter 588m
GPS
Bestigninger Heiahornet (775moh) 23.07.2020
Heiahornet vest (774moh) 23.07.2020

Etter båttur på blikkstille fjord frå Lysebotn til Forsandmoen i dag tidleg, køyrde vi opp frå Jørpeland til Dalavatnet. Perfekt føremiddag, vatnet som ein spegel, skyfritt og fin gåtemperatur, ca 14-15 då vi starta - ca 18-20 då vi kom ned. Vi gjekk ganske jamnt på opp ryggen til Heiahornet. God raudmerkt stig. Vi brukte 1 time og 10 opp, koste oss ved den store varden saman med fire lokale turgåarar. Eg gjekk bort til austtoppen, Tom blei verande ved hovudvarden og koste seg, men då eg kom tilbake, hadde han blitt overtalt av dei lokale til å ta Småsildalen tilbake. Så dermed blei det litt fram og tilbake oppe på det fine platået som verkeleg hadde eksepsjonell flott utsikt. Småsildalen var ein lengre trase, men fint langs dei tre små vatna (silane?). Var nede på 3 timar og 14. Vaska føtene i stranda, og snakka med ein hyggjeleg hyttekar i båt. Flott hytteområde! 8,5 km, 588 hm. Tom var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.