Golsfjellet (06.07.2020)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Veikulnatten (1037moh) | 06.07.2020 12:52 |
---|---|---|
Holtelifjellet (1152moh) | 06.07.2020 15:02 | |
Holtelifjellet nord (1083moh) | 06.07.2020 15:15 | |
Kyrkja (1063moh) | 06.07.2020 15:50 | |
Rauddalsfjellet (1205moh) | 06.07.2020 17:03 | |
Andre besøkte PBE'er | Liagardsvegen/Søråsvegen bom (490moh) | 06.07.2020 |
Tur på Golsfjellet. Vi køyrde til Gol, og så fjellvegen til Bagn. Undervegs gjekk vi fire turar.
Den første turen gjekk til Veikulnatten. Vi parkerte der råket tar av frå vegen til Grangard. Råket var ganske blautt, men veldig bra. Flott utsikt mot Gol og Hemsedalsfjell, men gasnke sterk vind på toppen. Fin tur.
Vidare køyrde vi til Holtelifjellet. På skilt ved stistarten sto det 2,2 km, men det var 2,9. Eigentleg en veldig fin tur, men i dag hadde vi regnvêr og sterk vind.
Etter denne turen gjekk vi den veldig korte turen på Kyrkja. Vi køyrde heilt opp til Brennsætre og gjekk dei korte metrane derifrå.
Vi hadde eigentleg tenkt til å prøve å komme oss på Vardefjell i Nesbyen, men ein låst bom ved Andsjøen stoppa det. Eigentleg ikkje lenger enn at vi hadde kunna gått turen, men det freista ikkje i dagens vêr.
Så vi snudde, og drog Rauddalen. Grei tur opp til Rauddalsfjellet. Ein del vind, men ikkje noko regn. Fin utsikt frå toppen.
Med dagens tre toppar, er den vesle +100pf-lista i Gol komplett.
Kommentarer