Fløtatind (22.05.2020)

Skrevet av aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Turlengde 4t 54min
Distanse 15,0km
Høydemeter 1614m
GPS
Bestigninger Fløtatinden (1711moh) 22.05.2020

Tidleg start fra Brandstad i håp om å unngå det verste av varsla vind. Gjekk opp på nordsida av bekkedalen for å få sleppe eit par bekkekryssingar til fots. Småfrisk vind og våt snø oppover lia, men fann både sol og le for vinden innunder berghammaren på toppen. Såpass fint at eg slo rot der eit par timar berre for å nyte utsikta.

Fleire som var ute på tur i dag - nokre gjekk til topps medan andre snudde litt nedi lia, både grunna vind og varsla rasfare.

Tung og treig snø på vegen nedatt, så eg la sporet på sørsida av sommarstien for å sleppe skråkøyringa der eg kom opp.

Skvatt godt da eg kom ned til bilen og såg at det hadde gått eit temmeleg stort våtsnøskred frå søraustsida av ryggen mot Litjskjorta, tvers over spora mine frå turen opp. Skredet hadde gått medan eg var på tur ned skogen, utan at eg hadde sett eller høyrd det - truleg overdøva av lyden frå store bekkar. Var bortimot sikker på at ingen befann seg der, men varsla likevel politiet, som etterkvart kom til Brandstad for å observere. Vi fekk etterkvart gjort ei oppteling på antall turfølge og antal bilar på parkeringa, og kunne konkludere med at ingen befann seg i det aktuelle området.

På mange måtar ein lærerik dag, og nok ei påminning om at det ikkje er utan risiko å bevege seg til fjells akkurat når vinter blir til sommar.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.