Leirdalen (04.05.2020)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 4t 19min
Distanse 9,5km
Høydemeter 741m
GPS

Dagens turmål var Grøndalseggi. Då vi nærma oss haugen Gråmerri (1164 og ukjend p.f.), kom det plutseleg ei lita byge, og det vart lett snø og lite sikt. Det såg også ut som om det kom fleire byger i dalføra rundt om. Sidan vi ikkje hadde gått her tidlegare, og køyreføret også var svært dårleg, valde vi å returnere. Dei som har vore i Leirdalen nokre dagar før, har nok kosa seg masse. Heile dalføret var fullt av flotte svingspor. Dei var heller ikkje mykje til hjelp nedatt, sidan spora var frosne. Vi tok det med ro på returen. Enkelte svingar kunne ein legge inn, då hels øvst og nedst i trasèen. God trim, og 85 % sol fekk vi også på turen. Men det vart topp-miss denne gongen. Når vi var godt på veg nedatt, letta det att, og mest blå himmel i alle retningar. Slik kan det gå.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.