Tur til Høgevarde (18.04.2020)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Gråfjell (1466moh) | 18.04.2020 14:51 |
---|---|---|
Ranten (1419moh) | 18.04.2020 15:43 | |
Nordvest for Høgevarde (1400moh) | 18.04.2020 16:28 | |
Høgevarde (1459moh) | 18.04.2020 16:44 | |
Grindefjell (1413moh) | 18.04.2020 17:18 | |
Hesteleinnattan (1238moh) | 18.04.2020 18:04 | |
Andre besøkte PBE'er | Gulsviksetervegen p.plass (880moh) | 18.04.2020 13:21 |
Gamle Høgevarde turisthytte (1395moh) | 18.04.2020 16:57 | |
Nye Høgevarde turisthytte (1405moh) | 18.04.2020 16:58 |
Lang køyretur frå Slidre til Norefjell i Hallingdal. Køyreturen vart ikkje kortere av at bilvegen opp frå Gulsvik var flytt nokre kilometer nordover utan at kart og GPS var oppdatert om det, så ein liten stund trudde vi at vegen opp var stengd. Noko som hadde vore rart med nykøyrde skispor i området. Etter å ha funne rett veg bar det opp til parkeringsplassen ved Gulsviksetran, kor vi så vidt fekk plass til bilen. Mange på tur i området denne dagen.
Vi måtte bære skiane nokre meter, før vi gjekk på ukøyrd skiløype til over den første bekken. Derifrå vart det meget god skiløype, til vi tok av frå den på om lag 1220moh. Derifrå gjekk det greitt på skare til toppen av Gråfjell. Vi tok av skiane og gjekk opp dei siste 60 høgdemetrane.
Vidare var det bratt, sporete og hardt ned mot Ranten. Opp til Ranten satt vi og frå oss skiane.
Frå Ranten var det veldig fint å gå til Nordvest for Høgevarde. Etter den vesle toppen var det fint med nokre meter i oppkøyrde spor, før vi igjen gjekk i terrenget opp til sjølve Høgevarde. Der og gjekk vi på føttane dei siste metrane til toppen.
Etter Høgevarde var det stort sett oppkøyrde skiløyper å gå i. Men eit par avstikkare vart det. Den første var ein ganske kort og slak tur oppom Grindefjell. Den andre var ein litt lenger tur oppom Hesteleinnatten. Der var det ein del berrflekker oppover, så vi måtte sette frå oss skiane der og.
Ein riktig flott tur i eit flott område. Fint vêr og flott utsikt heile dagen.
Kommentarer