Garthøglia (15.02.2020)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Startsted Nordmarka skisenter (250moh)
Turtype Skitur
Kart
Bestigninger Garthøglia (404moh) 15.02.2020

Vinterferien starta med eit finværsvindu i det som var spådd å bli ei heller begredelig væruke på Nordmøre, så det måtte ein dra nytte av. Felleskia var lagt att i hovudstaden, men far i huset kunne by på utlån av eit eldre par smørefrie ski som ville gjere nytta opp til Garthøglia.

Innover frå parkeringa ved nordmarka skisenter på tråkka løyper. Fint og småkuppert terreng inn til trimposten, med Sulene og Trollhøtta som naturlige blikkfang i sør. For mange ender nok turen her, men sjølve toppen på Garthøglia ligg ein nåre høgdemeter lengre opp til side for skiløypa, så her blei det tråkking i djupsnø opp til toppunktet. Nordmarksrunden var ikkje køyrd opp, så det blei retur same veg.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.