TV-fossane i Drivdalen (24.11.2019)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Andre besøkte PBE'er | Hesthåggån isklatring (745moh) | 24.11.2019 |
---|
Isklatretur i Drivdalen med Pål Christian. Det vart svært lite is i fjord, og ellers har vel psyken vore litt skral etter at eg har følt strikken har vore tøya litt. Om den faktisk har vore tøya, eller om det er reproduksjonen som har gjort meg meir bekymra veitast ikkje. Uansett var målet i dag kos heller enn hard og farlig støting. Valet fall på TV-fossane - kort anmarsj og moderat klatring.
Vi byrja på venstre TV-foss. Første lengde var treerklatring, og ærleg tala - her måtte det bankast vekk ein del rust på ledeforma. Men eg kom opp. Vidare såg det lett ut, og Pål Christian som ikkje har leda så mykje gav seg i kast med toppen.
Men det var ikkje så lett som det såg ut, og han fira seg tilbake til standplass. Eg tok over stafettpinne, og her vart det litt brattare. Smøris og firerklatring. Bratt og homogen is kan jo vere meir avslappane å klatre enn rotete trearis full av snø, så her kom godkjensla sigande.
Etterpå gikk vi til Høgre TV-foss. Vi hadde ikkje så lang dag i dag, så her var ikkje ambisjonen uttopping. Pål Christian tok første opptaket opp til ei stor hylle, så klatra eg opp neste, som var 5-6 meter med bratt is før eg sette standplass i eit overheng. Super is og artig å kome seg litt skikkelig i vertikalen. Synest den var hardare enn 3+ i dag.
Her sa vi oss nøgde, og tok abalakov nedatt. God oppvarming til comeback på det glatte element?
Kommentarer
Gradering
Skrevet av SturlaS 25.11.2019 07:27Da er sesongen i gang!
Gradering på is er vanskelig da forholdene kan variere veldig. Jeg har klatra is andre steder der graderingen er en del softere enn i Drivdalen..
Sv: Gradering
Skrevet av kobbenes 25.11.2019 10:18ja den faktiske vanskeligheitsgrada er jo heilt avhengig av iskvaliteten. men isgradene er jo eigentlig berre angiving av lengd pa vertikale seksjonar.
WI3 er near-vertical steps up to 4 meters, wi4 er near-vertical opp til 6 meter, og wi5 er near vertical/vertical opp til 20 meter.
I gar var venstre tv-foss I grenselandet 3/4, kanskje over pa 4 fordi toppen var litt teknisk og heilt vertical, hogre hadde eit near vertikalt pa 5 meter, og skjortet var heilt vertikalt I 15 meter. men alt dette kan jo endre seg med meir bygging av is.
etter a ha klatra I usa og her er den store ulikheita at isane er litt store her, og iskvaliteten er meir variabll, og at det difor krevjest meir erfaring
Sv: Sv: Gradering
Skrevet av SturlaS 25.11.2019 10:49Ja, iskvalitet og ikke minst ismengde. Mange fosser er enklere tidlig på sesongen når det er lite is.
I Norge er "near vertical" oversatt til konkrete grader. Tror tabellen står i oppdalsføreren.
Sv: Sv: Sv: Gradering
Skrevet av kobbenes 25.11.2019 20:51korleis går det med skuldra då? bra at du er på skia då, men isklatringa er det kanskje verre med i år?
Sv: Sv: Sv: Sv: Gradering
Skrevet av SturlaS 25.11.2019 21:07Jo takk! 3 ukentlige økter i styrkerommet gjør at det går fremover. Skal høre med fysioen neste uke om jeg kan prøve å henge litt på hendene snart.
Fordelen med isklatring er at det kan gjøres med ganske parallelle bevegelser. Bakdelen er at hendene må høyt over hodet.
Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gradering
Skrevet av kobbenes 25.11.2019 21:12kryssar fingrane! god bedring!