Høyanger: Fossedalen rundt (07.10.2019)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Vadheim (50moh)
Sluttsted Vadheim (50moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 50min
Distanse 21,8km
Høydemeter 1458m
Kart
Bestigninger Fagerslettnipa (919moh) 07.10.2019
Grønebotnsheia (871moh) 07.10.2019
Hustaket (557moh) 07.10.2019
Kråkosfjellet (811moh) 07.10.2019
Nord for Langevatnet (863moh) 07.10.2019
Mullurdfjellet (844moh) 07.10.2019
Blåfjellet (818moh) 07.10.2019 10:21

Om du er interessert i spor og foto frå denne turen, sjå på Bjørn sin rapport.
https://peakbook.org/Bastolen/tour/331477/Vad.html

Parkering ved trafostasjonen. Det er ein asfaltert plass der som vi kunne bruke sa dama i øverste huset. God sti bratt opp under linja. Stien finn du ved å gå langs gjerdet. Tok av frå stien ca 360 moh og gjekk mot Hustaket. Tungt terreng utan sti. Denne toppen hadde dagens finaste utsikt mot fjorden. Utruleg nok kunne vi og sjå Gjegnen frå denne lave toppen!. Vi såg no veien som gjekk mykje lenger opp Klevaldsdalen enn kva som er innteikna på kartet. Peila oss inn på denne veien og fulgte den til endes. Så var det god sti i retning Klevaldsstølen. Frå høgste punktet på stien tok vi av og gjekk mot Mullurdfjellet, eller Moldurfjellet som det står i boka på toppen. Det er merka frå Kyrkjebøstølen til denne toppen. Bra besøkt, vi var nr 13-15 i oktober. I Kråkosen møtte vi 3 karar som holdt på med vedlikehaldsarbeid på demninga. Det var nye krav frå NVE. Dei tok båt inn kvar dag, ca 25 minutt kvar veg. Så bratt opp mot Kråkosfjellet og lett vidare til Grønebotnsheia. God utsikt mot Bergsvatnet og Storevatnet. Sikkert eit flott område i si tid, men no i mine auge øydelagt av reguleringar. Vi diskuterte korleis det vil bli sjåande ut med vindkraft i dette området og. Totaløydelegging for evig tid. Så rusla vi nordvestover til Fagerslettnipa. Stor flott varde her ved trigpkt, men den står ikkje på høgste punkt. 915-919...om det er 4 meter forskjell her er usikkert men høgste punkt ligg 250 meter aust for varden. Totalt sett ein lang fin tur i mykje terreng.

Frå Blåfjellet 818 mot Moldurfjellet
Frå Blåfjellet 818 mot Moldurfjellet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.