Runde rundt Bøverdalen nord (04.10.2019)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Startsted Seterbøen P-plass (20moh)
Turtype Fottur
Kart
Bestigninger Holtakammen (560moh) 04.10.2019
Høystakken (641moh) 04.10.2019
Middagsfjellet (673moh) 04.10.2019
Saufjellet (802moh) 04.10.2019
Skarven (649moh) 04.10.2019
Skarven nord (648moh) 04.10.2019

Ein haustfeire med gode turforhold blei krona med ein flott runde nord for Bøverdalen. Vêrgudane hadde verkeleg slått på stortromma denne dagen, og klarvêr berre hausten kan by på gjorde utsynet frå dagens mange utsiktspunkt aldeles makalaust. I sør og aust konkurrerte tindane i Sunndalen, Eikesdalen og Øksendalen om å ha den mektigaste framtoninga, og i enden av panoramaet steig Trollveggen opp med sin spisse tinder, omkransa av Romsdalsalper i vinterdrakt. Det gjekk med mykje tid til å berre sitte og sjå på denne turen.

Opp frå Seterbøen p-plass i Bøverdalen bar det i veg oppover lia. Vi passerte Arilds bru, men konkluderte seinare med at denne burde vi nok heller ha kryssa enn passert. Over Geitåa kom vi oss uansett, og det blei staka ut ein heller brattlendt kurs opp mot Høystakken. Derifrå gjekk vi over heia og fulgte terrenget ned og opp på Saufjellet. Med enda ein topp kryssa av bar det ned forbi Langvatnet på sørsida, og opp på Middagsfjellet. Etter ein bedre turmiddag i solveggen gjekk vi oss ned aust for Tverrlihytta, og peila oss inn i nokså rett linje opp på Skarven. Ned att same vegen, og inn på T-merka sti i retning Hardbakkhytta. Vel oppe på passande høgde tok vi av stien og gjekk over til Holtakammen. Her sugde vi til oss det siste av ei fantastisk utsikt som bada i ei sol som no hadde starta på vegen ned austsida av himmelhvelvingen. Gjennom kratt og lyng bar det no ned til Lomtjørna kor ein tydeleg sti tok oss ned siste vegen tilbake til Bøverdalen. Ein perfekt haustdag, som nok rundar av fottursesongen 2019 på Nordmøre.

Frå varden på Skarven blei det flott utsyn over snødekte fjell og blåe fjorder.
Frå varden på Skarven blei det flott utsyn over snødekte fjell og blåe fjorder.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.