Gravolskampen og Sandhaugen (24.08.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Oledalsbrynane (1263moh) | 24.08.2019 12:41 |
---|---|---|
Gravolskampen (1281moh) | 24.08.2019 13:33 | |
Sandhaugen (1304moh) | 24.08.2019 16:21 | |
Andre besøkte PBE'er | Båtskardstølen parkering (1150moh) | 24.08.2019 12:16 |
Laurdagsturar med Kristine. Vi køyrde forbi Beitostølen og parkerte ved Båtskardstølen. Derifrå følgde vi godt råk mot Gravolskampen. Vi tok av frå råket for å gå på Oledalsbrynane. Vidare derifrå gjekk vi rett mot Gravolskampen. Vi fann ein del molte på denne turen.
Etter turen på Gravolskampen køyrde vi vidare innover mot Valdresflya. Plan var å gå på ein topp vi gjekk forbi utan å gå oppom for nokre år sidan, Sandhaugen. Vi køyre fyst til den nordlege parkeringsplassen til Bitihorn, men vi ville ikkje betale 60kr for å stå der, så vi køyrde litt attende og fann ein parkeringslomme. Her fann vi ein del molte før vi kom inn på råket.
Det vart to fine turar i relativt bra vêr, med flott utsikt frå toppane.
Benutzerkommentare