Krevjande og flott til Tjeldviktinden (08.08.2019)  5

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 8t 15min
Distanse 19,3km
Høydemeter 1538m
GPS
Bestigninger Tjeldviktinden (1088moh) 08.08.2019

Må seie det med ein gong: dette var ein av dei meir krevjande turane i samleprosjektet, men også ein av dei flottaste. Krevjande fordi vi ikkje hadde stigar eller merke å forhalde oss til, fordi dei første 850 hm gjekk ganske rett opp i til dels ulendt terreng, først bratt li med tett vegetasjon og så sva og hamrar og renner, der vi til dels måtte klyve. Men vêret var perfekt, utsikten super, og dagsformen var vel grei nok. Vi rasta då vi kom opp på den austlegaste toppen på Middagstinden (977), og der kunne vi sjå turmålet framfor oss i sør. Vi gjekk greitt ned snørenna/ryggen til høgre for oss. (Tilbake gjekk vi også opp denne vegen og følgde då skaret tvers over ned på snøfonn på andre sida. Det skulle vi gjort oppover også, for då hadde vi spart 50 hm!) Vi mista altså 250 hm nedover før vi tok fatt på det flotte sva- og flypartiet inn mot vatnet på 882. Vi kryssa denne forseinkinga med vatn og elevar der fossen rann ut av 882-vatnet. Dramatisk flott terreng, og moro å sjå endemorena ute i vatnet for breen som no er krympa opp på fast grunn! Vi heldt rett opp fjellsida her, hadde ikkje problem, gjekk greitt opp den siste store snøfonna før toppen. Sol og vidt utsyn, skyene samla seg meir etter kvart. Vi hadde brukt fire timar og 14 opp til toppen inkludert ein matpause. Målte ca 10 km opp.
Turen var minneverdig også fordi vi såg så mange dyr! Elgku og kalv i det grøne opne partiet før bergpartiet opp mot Middagsnuten. Så ein einsleg reinsbukk med stort gevir litt høgare opp i nutane. I snørenna ned frå Middagstinden møtte vi simle og kalv, og på dei opne flya møtte vi eit einsleg reinsdyr til. Den største opplevinga var vel at ein flokk på 10 rein gjekk over den store fonna på sjølve toppen. På heimvegen såg vi enda eit einsleg dyr, kanskje den same som vi såg på vegen opp? Det starta å småregne på vegen tilbake, og vi var ganske møre opp ryggen ved snørenna, dryge 200 hm i småregn med seige bein. Vi gjekk tvers gjennom skardet, og begynte den ganske slitsame nedturen, no på våte sva. På vegen opp hadde vi gått på ei djup grotte i ei kløft. For å unngå den litt skumle passasjen heldt Anne og eg til høgre, men tulla oss litt bort i nokre glatte hamrar. Vi kom jo ned, men alt i alt burde vi nok gått forbi grotta på venstre side. Vi blei gjennomvåte og ganske skitne på nedturen, så når vi kom ned til Tom som venta i bilen, bada vi i kulpen i elva nedanfor. Mykje store blåber og mogne molter i nedste delen av turen. 19,25 km, 8 timar og 15 minutt, 1538 hm. Anne og Eirik var med. Tom fiska!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.