Skammefjell ligger litt utilgjengelig til i Rjuven i Setesdal vesthei, men overkommelig på ein lang dagstur frå Setesdalen. Gjekk på grusveg drøyt 4 km vestover Ljosådalen (hadde ikkje med sykkel denne gongen). Vegen går opp til ein demning i Ljosåni, og så er det sti vidare ca 1 km vestover på sørsida av elva. Så kom eg inn på T-sti som går sørover til Bossbu og Stavskardhytta. Hadde tenkt å følge denne stien til stiens høgaste punkt snaut 5 km aust for Skammevarden, men etter elvepasseringa aust for Nautetotjørna fant eg ikkje sti på andre sida av elva. Bestemte meg då for bare å gå rett sørvestover direkte mot Skammevarden. Fleire ettermiddagsbøyer kom nordfrå over Setesdalen, og fekk ei lett regnbøye over meg mens sola skein lenger vest.
Kom til topps etter snaut 6t i bedagelig tempo. Vardebok som låg i pose i tuppervareboks litt inne i varden. Boka var dessverre gjennomblaut og lot seg ikkje skrive i. Siste signatur i 2016. Etter 1t pause gjekk eg vestover til Skjerkenuten og den namnlause 1394-toppen. Retur over Rjuveheii og Nautetofjellet og inn på T-stien siste stykket ned til Ljosåni. Siste etappe på umerka sti og grusveg i Ljosådalen ned til Otra.
Kommentarer