Botnanosi (18.07.2019)

Skrevet av JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Startsted Haug i Fardalen (500moh)
Sluttsted Haug i Fardalen (500moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 46min
Distanse 9,1km
Høydemeter 888m
GPS
Bestigninger Botnanosi (1386moh) 18.07.2019 13:30

Flott tur til Botnanosi, ein av postane på Årdal Turlag sin Støls- og topptrim.
Stien opp til stølen Botnen startar rett forbi garden Haug, der det er ei lita parkeringslomme på oppsida av vegen.
Går fyrst gjennom eit belte med planta granskog før terrenget opnar seg oppover. God gamal stølsveg dette. Kryssar elva på eit flatt parti etter ca. 45 minuttar.
Etter ein time var me oppe på stølen. Me heldt fram forbi selet og runda til venstre ovanfor kve-muren. Fann eit trakk der som førde oss mot bekken frå Botnavatnet. Her vart det slutt på stien. Då var det berre å ta rett opp på høgre sida av bekken over småmyrar og opp lyngbakkar. (Ser ut til å verta eit dårleg molteår forresten!)
Kryssa bekken eit stykke oppe i bakkane, og lengre oppe der terrenget byrja å flata ut møtte me på ein fantastisk flott varde. Me døypte han spontant til verdas flottaste.
Heldt fram innover mot Botnavatnet og la kursen om 90 grader til venstre og rett mot høgaste punktet på Botnanosi.
Var på toppen etter ganske nøyaktig 3 timar inkl. ein god matpause. Turen nedatt gjekk unna på 1 time 45 minuttar.

Starttidspunkt 18.07.2019 10:33
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 18.07.2019 15:22
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 4t 48min
Bevegelsestid 3t 53min
Pausetid 0t 55min
Snittfart totalt 1,7km/t
Snittfart bevegelsestid 2,1km/t
Distanse 8,2km
Høydemeter 843m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.