Langlitinden på Andørja (16.06.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Langlitinden (1276moh) | 16.06.2019 16:05 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Straumbotn p-plass (8moh) | 16.06.2019 |
Høgaste øytopp i Noreg
(Med unntak av Jan Mayen og Svalbard)
Vi vakna opp til overskya vêr og skodde på Klåpheia, så vi åt ein sein frukost før vi drog innover Straumbotn til parkeringa nedunder Langlitinden. Vêret betra seg medan vi køyrde innover, og før vi gjekk i vegen var det strålande sol og varmt.
Vi var usikre på snøforholda oppover, så stegjern og isøks vart med på turen. Det var fullstendig unødvendig, og vi la dei frå oss på om lag 820moh.
Vi følgde normalruta, og oppover gjekk vi i godt råk. Frå om lag 900moh var det litt snø, som var kjekk å følgje på veg ned.
Fantastisk utsikt på toppen. Ein ny strålande flott tur i Ibestad kommune.
Etter turen vart det eit forfriskande bad i Straumsbotn, før vi fann eit sted å overnatte på vest-sida av øya.
Kommentarer
Lekkert
Skrevet av otto 19.06.2019 09:49Skal si dere utnyttet gidværet i nord. Herlige bilder fra øytoppene.
Sv: Lekkert
Skrevet av Hansi 19.06.2019 09:55Takk for det, for og i lige måde! Ser ut som om dere har hatt flotte turer i Lofoten.