Kongsviktinden (11.06.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Kongsviktinden (980moh) | 11.06.2019 15:14 |
---|---|---|
Skitneskardtinden (919moh) | 11.06.2019 17:08 |
Tur i strålande sol, men tidvis ein del vind. Vi følgde ruta som er skildra i boka “Topper i Ofoten og Sør-Troms” av Bjørn Forselv opp til Kongsviktinden og ned frå Skitneskardtinden. Mellom toppane følgde vi ryggen, som var veldig fin å gå.
Dei siste metrane opp til Kongsviktinden bøy på litt klyving. Ned frå Kongsviktinden kunne vi skli på snø dei fyste 180 høgdemetrane. Ned frå Skitneskardtinden fekk vi også ein del snø vi kunne skli på.
Kongsviktinden er ein godt synleg og flott topp når ein køyrar mot Lofoten frå Tjeldsundbrua, men den aller flottaste sida viste han nok når vi gjekk på ryggen mot Skitneskardtinden.
Kristine var ikkje heilt i form på denne turen, og ho trengde ein del ekstra pausar, men var tøff som fullførte ein såpass lang tur. Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur.
Utsikt på veg oppover mot Kongsviktinden, på om lag 400mohUtsikt frå Kongsviktinden
Bilder av Kongsviktinden frå ryggen mellom toppane
Kommentarer