Dette vart ein kjempedag i Skjåkfjella. Skoddedottane på toppane forsvann utover dagen og vi fekk sol og fin temperatur. Fulgte stien eit godt stykke mot Leirungsvatnet, før vi tok av austover opp ryggen mot Horrungen. Vidare på mykje snøfelt mot Finndalshorungen. Snøen holdt godt med unntak av flate parti der sola hadde varma godt og steinane stakk opp. Det var god stemning i turfølgjet og vi blinka oss ut den store varden som vi trudde var Leirungshøe. Sjekka ikkje kartet og GPS godt nok og trudde vi var på hovudtoppen. Ubegripeleg brølar....nesten. På vei nedover skjønar vi at noko er gale og sjekkar. Oppps, her må vi oppigjen. Derfor den merkelege knekken på sporet nord for Leirungshøe. Dryg men lettgått retur til stien og bilen.
Kommentarer