Tur til Vesterålen: Bjørndalsheia Veten (08.06.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Bjørndalsheia (207moh) | 08.06.2019 16:42 |
---|---|---|
Veten i Hadsel (382moh) | 08.06.2019 18:47 |
Ny dag på ferietur i Vesterålen. Vi vakna opp til skodde og regnvêr. I følgje vêrmeldinga skulle dette vare til langt på dag, så vi drog til Sortland og var der lengje.
Da vêret betra seg litt gjekk vi ein liten tur i Sortland, på Bjørndalsheia. Vi gjekk på traktorveg til å byrje med, før vi gjekk i fint terreng til toppen.
Etter den turen køyrde vi utover mot Stokmarknes i håp om betring av vêret, men skodda låg framleis lågt. Veten vart da målet. Det var ein fin tur på veldig godt råk. Diverre kom skodda på om lag 150moh.
Kommentarer