Skjåk: Vulueggi (17.04.2019)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Billingen hyttegrend (750moh)
Sluttsted Billingen hyttegrend (750moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 5t 16min
Distanse 25,7km
Høydemeter 1450m
GPS
Bestigninger Veslefjell (1432moh) 17.04.2019
Vulueggi (1771moh) 17.04.2019
Vulueggi Sør (1709moh) 17.04.2019

Reinheimen pf 100 92/116
Greidde å kome meg avgarde på solotur frå Billingen. Det er tungt å reise åleine no, vil helst ha turfølgje. Tenkte kanskje det var mykje bilar på parkeringa på Billingen, så valde å gå frå hyttegrenda litt lenger vest. Kryssa meg opp skogen der, og så lett mot Veslefjell. Ein kar på truger på retur gjorde ein brå sving for å sleppe å snakke med meg. Seinare oppunder Veslefjell hadde eg matøkt og kom i prat med ein lokalkar som var meir kontaktsøkande. Ellers såg eg ikkje folk heile dagen. Turen vidare frå Veslefjell er enkel, men noko dryg langs Vulueggi. Såg spora til Johan som var her for nokre dagar sidan. Ein sur vind på toppen gjorde besøket kort og kosen uteblei. Nedkjøyringa mot Billingen hyttefelt fulgte eg spor etter anbefaling frå lokalkaren. Her var det greitt å kjøyre ned utan for tett buskas. Passerte ei hytte under oppføring. Såg ikkje ut som det hadde vore byggeaktivitet på lenge. Avslutta med ein fin pause i lyngen under ei furu.

Frå Vulueggi høgste toppen, sørover mot sørtoppen
Frå Vulueggi høgste toppen, sørover mot sørtoppen
Mektige toppar i Tafjordfjella/Reinheimen
Mektige toppar i Tafjordfjella/Reinheimen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.