Døvikhammaren og Krossnesheia (12.11.2018)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Almeknuten (467moh) | 12.11.2018 |
---|---|---|
Nord for Almåsvatnet (477moh) | 12.11.2018 | |
Buaråsen (361moh) | 12.11.2018 | |
Døvikhammaren (134moh) | 12.11.2018 | |
Hetlelidfjellet (456moh) | 12.11.2018 | |
Knuten (382moh) | 12.11.2018 | |
Krossnesheia (451moh) | 12.11.2018 | |
Nonsknuten (438moh) | 12.11.2018 |
Kjørte til Døvikvågen uten å finne høvelig parkeringsplass langs vegen. Det blei til at eg kjørte gjennom eit gardstun til veis ende og parkerte (usjenert trudde eg) bak ein steinknaus. Lot bare bilen stå der under heile turen, men det burde eg ikkje gjort sånn uten vidare. Meir om det til slutt.
Var ikkje klar over sti til Døvikhammaren så eg gjekk rett opp den bratte austsida der det blei ein del utfordrande men gøy klyving. Oppe på toppområdet såg eg det var merka, men stedvis utydelig sti som eg fulgte ned via nordryggen. For å finne stien på veg opp må ein gå gjennom ei grind og følge vegen rett fram mot Årdalsfjorden. Når ein er et par steinkast frå fjorden går ein på skrå opp mot venstre, og da skal man finne stien i bjørkeskogen.
Gjekk så sørover ein snau km på hovedvegen og så på traktorveg gjennom eit grustak opp langs Paddevassåna til Paddevatnet. Så på sti opp til Knuten og vidare i terrenget austover til Krossnesheia. Sidan det var litt tid igjen til mørket kom tok eg ein tur vidare i terrenget austover mellom Dyragravvatna til Nonsknuten som er fint utsiktspunkt over Årdal. Retur vestover via Almeknuten i skumringstimen. Kom inn på sti igjen på austsida av bekken mellom Almåsvatnet og Paddevatnet. Svipptur oppom Buaråsen med lommelykt og så ned på traktorvegen igjen.
Då eg sat i bilen og åt kveldsmat etter turen kom det ein bort til meg og spurte kva eg dreiv på med. Eg sa eg hadde vore på topptur i området. Det viste seg at det var grunneigar så var lite begeistra for at eg hadde tatt meg til rette og parkert uten samtykkje. Eg beklaga min tankalaushet og lovte å reise vekk umiddelbart. Han sa då det var heilt i orden å parkere på hans eigedom bare han visste kven eg var. Forståelig det så då fekk eg stå til dagen etter.
Kommentarer
Reinaknuten
Skrevet av Kaare_70 17.01.2020 18:12Hei, på nest siste bildet ditt er det vel Reinaknuten til høgre. Bare ein liten glipp i så fall. Fint område, gjekk nesten samme turen i november.
Sv: Reinaknuten
Skrevet av kolla 17.01.2020 22:11Hei, du har rett i det. Ser du og hadde litt utfordring med rutevalg til Døvikhammaren. Litt synd at eg skreiv rapporten i ettertid, men ein artig topp uansett rutevalg.