Gramsfjellet, Skjørbu og Longaberg frå Bjørheimsheia/Leite (01.12.2018)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Gramsfjellet (503moh) 01.12.2018
Langaberg (450moh) 01.12.2018
Skjørbu (559moh) 01.12.2018

Grei desembertur til tre nærtoppar; heile 30 år sidan sist for to av dei. Vekslande ver med ei byge på slutten av turen. Støkte opp ein kvit hare oppunder Skjørbu, han hadde heilt feil farge etter forholda. Kvitt sludd hadde lagt seg over 700 moh, men ellers ikkje antydning til vinter ennå.

På Gramsfjellet med utsikt mot Bjørheimsvatnet og Tau, og med Almåsen i framgrunnen
På Gramsfjellet med utsikt mot Bjørheimsvatnet og Tau, og med Almåsen i framgrunnen
Frå Gramsfjellet mot Regnarvatnet, med Førlandsåsen lengst til høgre
Frå Gramsfjellet mot Regnarvatnet, med Førlandsåsen lengst til høgre
Frå Gramsfjellet mot Skjørbu. Stien til Reinaknuten viser godt i terrenget
Frå Gramsfjellet mot Skjørbu. Stien til Reinaknuten viser godt i terrenget
Frå oppunder Skjørbu mot Tysdalsvatnet. Den kvitnande Reinaknuten skimtast i skodda bak til høgre
Frå oppunder Skjørbu mot Tysdalsvatnet. Den kvitnande Reinaknuten skimtast i skodda bak til høgre
Frå Skjørbu mot Regnarvatnet, med Tibergfjell i skodda til venstre
Frå Skjørbu mot Regnarvatnet, med Tibergfjell i skodda til venstre

Tok til slutt turen oppom Longaberg frå fellesfjøset. Tyngre enn eg kan hugsa, men den gamle vegen me gjekk før, var tydelegvis ikkje i bruk lenger. Den gjekk opp til venstre for fellesfjøset, i fortsetjinga av bilvegen. Nå vart det mykje bushing i stilaust terreng.

Frå Longaberg mot Bygda og Holta, med Østerhusvatnet og Bjørheimsvatnet
Frå Longaberg mot Bygda og Holta, med Østerhusvatnet og Bjørheimsvatnet
Frå Longaberg mot fellesbeitet og Regnarvatnet, med Krossen og Tibergfjell dominerande i bakgrunnen. Det ryk frå eit bål i hyttefeltet nedanfor Gramsfjellet og Skjørbu
Frå Longaberg mot fellesbeitet og Regnarvatnet, med Krossen og Tibergfjell dominerande i bakgrunnen. Det ryk frå eit bål i hyttefeltet nedanfor Gramsfjellet og Skjørbu

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.