Eid: Indrehennjesvartegga (11.02.2012)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Ladehaug (300moh)
Sluttsted Ladehaug (300moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Høydemeter 600m
Kart
Bestigninger Indre Hennesvartegga (862moh) 11.02.2012
Andre besøkte PBE'er Kyrkjesteinvatnet (752moh) 11.02.2012

Nedbør og dårleg sikt. Turplan vart Hennesvartegga for å måle pf. Sadelen er grei, men har ikkje funne kart med oppgitt høgde på toppen. Vi kjøyrde til Hennebygda og øvste garden Ladehaug. Herifrå kan ein følgje ein skogsveg eit stykke før ein tar bratt opp bjørkelia. Når ein kjem over skoggrensa er det nordover til Kyrkjesteinsvatnet 752 moh. Vatnet har utos både nordover og sørover. GPS målte her 751-754. Vidare nordaustover til høgste punkt. GPS viste her 857-862 medan vi åt litt niste. Eg endrar pf på denne til 105 meter, høgde til 857. Toppen har tidlegare vore registrert som Svartegghamrane. Folk i Hennebygda brukar namnet Hennjesvarteggja, dette stemmer og bra med dei namna ein finn på kart. Det er fint muleg å kombinere denne med Svartegga 1047. 300 høgdemeter opp vestover frå Kyrkjesteinsvatnet. Lise var turfølgje.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.