Første topp i Hamar (18.11.2018)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Stenfjellhytta (747moh)
Sluttsted Stenfjellhytta (747moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 06min
Distanse 3,6km
Høydemeter 78m
GPS
Bestigninger Kollmyrkampen (760moh) 18.11.2018

Eg hadde ikkje store planar om å starte toppsamling i Hamar. Men etter å ha vore på siste topp i Ringsaker, var det jo like greitt å utnytte muligheter i nærområdet.

Starta frå Stenfjellhytta og gjekk på god sti mot aust. Litt våt nokre stader, men det var no lagt godt ut med plank. Fine og opne myrflater. Flott utsikt mot skoddehavet i sør frå Steinfjellhytta.

Som ein ser, er det lite snø i forhold til normalen i fjellet her.

På veg mot Kollmyrkampen. Eit kolossalt skoddehav ruver under cirka 400 m.o.h.
På veg mot Kollmyrkampen. Eit kolossalt skoddehav ruver under cirka 400 m.o.h.
Kollmyrkampen er den skogkledde saken eg er på veg mot.
Kollmyrkampen er den skogkledde saken eg er på veg mot.
Fint og ope myrlandskap i området her.
Fint og ope myrlandskap i området her.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.