Snillfjordtirsdag (30.10.2018)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Turtype Buldring
Kart
Andre besøkte PBE'er Snillfjord Klatrefelt (150moh) 30.10.2018

Avspaseringstur for litt multisport i Snillfjord. Mojoen var minimal. Det var nysnø i fjellet, sur vind over vatnet - og man må vel berre innrømme at dei to småttisane i heimen har tappa energilagera bittebittelitt.

Først tok eg ein liten rekognoseringstur under nordveggen på Glashylla. Eg har lenge lurt på om denne kunne egne seg til klatring - den har ein fin granitt-aktig struktur og er kanskje opp mot 200 meter høg. Venstredelen såg ikkje verst ut, men det treng nok litt pussing. Den brattare høgredelen såg meir laus og våt ut.

Nordveggen på svahylla
Nordveggen på svahylla
Mykje is i traktene. Nirvana heilt i høgrekant.
Mykje is i traktene. Nirvana heilt i høgrekant.

Deretter gikk eg til buldrefeltet for litt støting. Det var rimelig kaldt, så det tok litt tid å kome i sving. Men eg fekk gått ein 6a og ein 6b og nokre fine småting. Ellers prøvde eg på ein fin 7a som eg ikkje vart klok på. Litt bedre temperaturar og selskap så kan det bli litt meir støting. Mykje fin stein, men ligg litt mørkt til i myrlendt skog på nordsida.

Tauveggen gikk eg ikkje oppom i dag - der hadde eg ikkje så mykje å gjere. Kanskje neste år gir litt meir anledning til kileklatring.

Deretter køyrde eg heim. Om det ikkje vart multisport så fekk eg i alle fall lada batteria og vere litt aleine. Det er ikkje verst berre det.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Alenetid

    Geschrieben von SturlaS 31.10.2018 23:11

    Fint å få oppleve litt nirvana i en hektisk hverdag! :)

    Artig å se hvor kjapt isen begynner å forme seg, selv om Nirvana må være god og feit før jeg prøver den igjen..

    • -
      avatar

      Sv: Alenetid

      Geschrieben von kobbenes 01.11.2018 08:11

      yes, aleinetid er det ikkje så alt for mykje av om dagen :-)

      ja isen var ikkje særlig tjuk, og i løpet av dagen ramla halve ned.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.