Einståkåhøi (06.10.2018)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Storvollen (1030moh)
Sluttsted Storvollen (1031moh)
Turtype Fottur
Turlengde 4t 39min
Distanse 14,0km
Høydemeter 651m
GPS
Bestigninger Einståkåhøi (1542moh) 06.10.2018

I dag vart det tur til Einståkåhøi.

Turen starta frå Storvollen, og gjekk langs sti opp mot passet sør for Kolla, ein sti som vart gradvis dårlegare, men som meir eller mindre kan følgjast fram til myrer før oppstigning til Einståkåhøi. Vart litt kryssing av myrer før oppstigning. Over ca. 1300 m.o.h. låg nysnøen flott og vindblåst i terrenget. Ingen tydeleg sti opp, men så var det jo snødekt meir eller mindre oppover.

Ned att vart det gått i dalføret nord for Kolla. Turen gjekk stort sett utan sti til eg kom ned til elva, der eg møtte på ein sti. Mange flotte terrengformer frå slutten av siste istid her, einaste ulempen (eller fordelen?) er at det vart litt mykje opp og ned her.

Vinteren har begynt å melde sin ankomst i fjellheimen her no.

Då nærmar eg meg oppstigning til Einståkåhøi, må berre krysse nokre myrer først.
Då nærmar eg meg oppstigning til Einståkåhøi, må berre krysse nokre myrer først.
På veg mot toppen, med tilbakeblikk mot dalføret eg kom frå.
På veg mot toppen, med tilbakeblikk mot dalføret eg kom frå.
På veg opp mot Einståkåhøi, med utsikt mot fine terrengformer frå slutten av siste istid.
På veg opp mot Einståkåhøi, med utsikt mot fine terrengformer frå slutten av siste istid.
Bra med snø opp mot toppen.
Bra med snø opp mot toppen.
På toppen.
På toppen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.