Myklevollkollen og Storkollen (30.09.2018)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Miklevollkollen (565moh) | 30.09.2018 13:36 |
---|---|---|
Storkollen (346moh) | 30.09.2018 15:21 |
Vinteren har denne veka komme til nord. Difor byrja eg dagen med å legge om til vinterdekk. Etter dekkskift og frukost drog Kristine og eg ut på tur. Vi køyrde i retning av Grovfjord og parkerte før Balteskaret. VI følgde først god grusveg, før vi gjekk på godt råk til toppen. Mellom 300 og 400 moh møtte vi på snøen. Hadde vore flott utsikt om vêret hadde vore betre.
Etter turen vart vi einige om å ta ein tur til. Vi køyrde attende mot Evenskjer, og tok av i Tovik og køyrde på grusveg til Øymoen. Derifrå gjekk vi på godt råk til toppen. Litt utsikt på toppen, men lauvskogen reduserte sikta. Ned at forsøkte vi å følgje eit anna råk, men det forsvann fort. At vi ikkje fann råket gjorde ikkje noko; vi fann over to kilo kantarell på veg ned skogen.
Kommentarer