Skorpa (03.09.2018)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Skreivasskleivane (1060moh)
Sluttsted Skreivasskleivane (1060moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 8t 15min
Kart
Bestigninger Skorpa (1313moh) 03.09.2018
Aust for Skorpelaupet (1291moh) 03.09.2018
Storsteinheia (1183moh) 03.09.2018
Andre besøkte PBE'er Krossvatn (1100moh) 03.09.2018

Frå Oddatjørnhytta nedanfor Oddatjørndammen er det kjørbar grusveg til Skreivasskleivane i nordaustenden av Blåsjø. Vegen er stedvis veldig bratt med laust grus men åpen for ferdsel på eige ansvar.
Frå Skreivasskleivane fulgte eg nødla, men ikkje T-merka sti opp til Storsteinheia. Stien går litt nord for toppen og vidare til Krossvatn turisthytte, mens eg gjekk austover ned til Skreppekvelven og opp til Skorpa og 1291-toppen endå lenger aust. Gjekk så ned i Grjotdalen og runda sørenden av Krossvatnet og så nordover til Krossvatn turisthytte. Fekk dermed eit lite gjensyn med denne hytta som eg overnatta på fleire helger for nokre år sidan i fbm vårskiturer i området rundt Snønuten. Så gjekk eg T-stien sørover snaut 2 km og så den umerka nødla stien over Storsteinheia tilbake til Streivasskleivane.

Ved Skreivasskleivane og nordenden av Blåsjø.
Ved Skreivasskleivane og nordenden av Blåsjø.
På Storsteinheia med utsikt nordover mot Kringlenuten/ Snønuten bak og Leirnuten t.h.
På Storsteinheia med utsikt nordover mot Kringlenuten/ Snønuten bak og Leirnuten t.h.
Aust-nordaust mot Grønafjellet 1417 i bakgrunnen og Skorpa 1313 litt nærare t.h.
Aust-nordaust mot Grønafjellet 1417 i bakgrunnen og Skorpa 1313 litt nærare t.h.
På Skorpa med utsikt austover Bykleheiane og Telemarksfjell i det fjerne.
På Skorpa med utsikt austover Bykleheiane og Telemarksfjell i det fjerne.
Mot søraust med Heddevatnet 1177 og Blåbergsåsane 1323 bak.
Mot søraust med Heddevatnet 1177 og Blåbergsåsane 1323 bak.
Nordvest mot Snønuten 1604 i midten bakerst og Leirnuten 1486 like t.h.
Nordvest mot Snønuten 1604 i midten bakerst og Leirnuten 1486 like t.h.
Nordaust mot Grønafjellet.
Nordaust mot Grønafjellet.
Krossvatn turisthytte i kveldssol.
Krossvatn turisthytte i kveldssol.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.