Tretindanibba (01.09.2018)  6

Skrevet av tsenneset (Thore Senneset)

Startsted Eidsvatnet (442moh)
Sluttsted Eidsvatnet (442moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 53min
Distanse 12,5km
Høydemeter 924m
GPS
Bestigninger Tretindanibba (1529moh) 01.09.2018
Tretindanibba Sør (1497moh) 01.09.2018

Vi starta frå rasteplassen ved Eidsvatnet og gjekk bratt oppover mot ca 900 moh der det flata noko ut. Deretter i ur langs Oaldsvatnet. Vi rasta ved inste enden av vatnet før vi gav oss i kast med siste biten med ur før ryggen opp mot Tretindanibba Sør. Etter nokre kjappe bilete gjekk vi vidare over ryggen fram til Tretindanibba. Etter innskriving i boka rusla vi ned til eit utsiktspunkt litt vest for toppen. Der vanka det ei formidabel utsikt innover mot Hellesylt og utover mot Stranda. Vi kunne også sjå husa i Oaldsbygda. Returen gjekk ned same veg som vi kom opp.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.