Storsalen og Somrungnebber (04.07.2018)
Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)
Bestigninger | Litlsomrungnebba (1700moh) | 04.07.2018 |
---|---|---|
Litlsomrungnebba sørvest (1657moh) | 04.07.2018 | |
Storsalen vesttoppen (1715moh) | 04.07.2018 | |
Storsomrungnebba (1799moh) | 04.07.2018 | |
Andre besøkte PBE'er | Skrøu (355moh) | 04.07.2018 |
Runde rundt om Somrungnebbene og Storsalen. Start frå Fale bru og oppover lia i morgontåke. Vel oppe flatt i retning mot Tverrådalen, og forbi dei to hyttene som ligg her. Eigaren av den eine møtte eg vel nede igjen ved Fale bru. Han kunne rapportere om dårleg fiskelykke i Driva denne dagen. Går inn til vatnet 1061, og går av stien østover opp mot ryggen av Litlsomrungnebba sørvest. På tur oppover byrja tåka å lette, og Sunndalen åpenbara seg i det ein vakker sommardag tek til. Lettgått ur opp mot toppen. Frå toppvarden går eg litt tilbake før eg rundar ned på vestsida og inn på ryggen mellom Litlsomrungnebba sørvest og hovedtoppen. Litt klyving for å kome seg ned, og noko sleip mose, men ikkje av sorten som byr på store vanskar. Fint opp mot Litlsomrungnebbas hovudtopp. Deretter vidare ned og opp att på Storsomrungnebba. Herifrå var plana opprinneleg å ta ein avstikkar til Pyramiden og Østre Somrungnebba, men det byrja å skorte på vatnet, så desse toppane fekk vente. Derfor gjekk vandringa vidare opp til Storsalen sin østtopp, og via breen over til vesttoppen. Derifrå bratt ned til Tverrådalen og Tverrådalsvatnet for eit forfriskande påfyll av vatn. Retur gjennom Tverrådalen og ned same vegen som opp. Ein fantastisk runde!
Kommentarer