Morgontur til Midtstrandnuten (26.08.2018)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 30min
Distanse 6,6km
Høydemeter 258m
GPS
Bestigninger Midtstrandnuten (790moh) 26.08.2018
Vakna tidleg i Evje, super motellovernatting i Evje Park Apartement! Kan anbefalast. Fylte bensin, tok ut kontantar (dei hadde ikkje mindre setlar enn 100!), og køyrde sørover til Dåsnes, og så opp dalen forbi Dåsvatn og opp til Lognavatn og Espeli. Utruleg nydeleg sundagsstille dal i klart, litt kjølig augustvêr. Køyrde heilt opp til den Øvste garden i bygda, og der startar Kodalsvegen. Var takksam for at Knut Sverre hadde nemnt det der med 50 kroner i kontantar (eg måtte rett og slett betale dei 100 eg hadde tatt ut, for lommeboka er som vanleg tom for pengar). Litt oppover i den smale vegen kom eg bak ein vaggande tiur. Han var overhovudet ikkje affisert av meg og bilen, så han vagga vidare og eg rulla bak. Etter fleire tutingar letta han til slutt på seg, og eg plukka opp ei fjør han mista. Artig! Utruleg heldig å ikkje møte bilar, for her er det langt mellom møteplassane. Gyvatn var som eit eventyr i morgonsola, og presis klokka 0900 starta eg å gå langs strendene.
Eg hadde utskrift av ruta til Knut Sverre og ut-appen å hjelpe meg med, og sidan det ikkje var nettkopling på telefonen, var det gps-sporet som galdt. Men eg tykte nok at dei to små øyane eg styrte etter, låg ein lang gåtur unna. Eg skjønte for seint at dei øyane var no landfaste takka vere nedtappinga, dei var rett og slett Gamlebuodden eller kva den no heitte. Den gjekk eg rett forbi medan eg speida etter øyar, og eg heldt det gåande til godt utafor kartutstnittet eg hadde tatt med meg. Men her var lukka betre enn forstanden, for det var jo heilt fint å gå langs stranda, og der eg stod, såg det heilt greitt å gå rett oppover. Det var bratt, men eg følgde sporet av ein stig eller tråkk, og enden på den visa var at eg kom opp rett i det vesle skardet nord for toppen. På dette tidspunktet fungerte ut-appen, og eg såg at eg hadde toppen rett over meg. Eg klorte meg opp, hadde brukt 1 time og 17 minutt, og åt litt sein frukost på toppen, med vidt utsyn, sol og glitrande sjøar i alle retningar. Ei flott oppleving.
Aka ned same ruta, og gjekk stranda tilbake igjen. Møtte ikkje ein sjel, men var verkeleg slått av eit utruleg nydeleg landskap på ein vakker augustføremiddag.
Eg brukte 2 timar og 28 inkludert pause på toppen, og turen var 6,6, km lang. Stigninga var på 258, og eg gjekk aleine.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Blind høne kan også finne ko

    Skrevet av bakken59 28.08.2018 08:16

    Ja, det var super trase, eigenleg. Såg etter stig oppe i skogen, og i den renna eg gjekk opp til venstre, kunne det sjå ut som det gjekk eit drag mot høgre også. Men det eg leita etter og ikkje fann, var jo ein god stig land stranda inne i lyngbeltet. Men etter at eg forstod dette med øyar og ned- og oppdemming, slog det meg at denne staden heiter jo Gamlebuodden, og heile det bare området er fylt av gamle trestubbar, så det kan faktisk hende at slik det er no, er opphaveleg, og at gamal stig faktisk har gått i den no utvaska strandsona?

  • -
    avatar

    Artig rute til Midtstrandnuten

    Skrevet av knutsverre 27.08.2018 19:35

    Fin rapport Kristin! Din rute så mye greiere ut den vi gikk. La du merke til om det gikk sti oppe i skogen til der du begynte oppstigningen? Må vel gå der når det er normal vannstand i vannet.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.