Kollhaugen (11.08.2018)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Bondlisetra (702moh)
Sluttsted Bondlisetra (706moh)
Turtype Fjelltur
Distanse 7,1km
Høydemeter 252m
GPS
Bestigninger Kollhaugen (896moh) 11.08.2018

Fin tur til Kollhaugen. Stiane mellom Bondlisetra og krysset aust for Austre Flisvatnet var gode, der sørlege sti var blåmerka.

Stien frå krysset og nordover var noko dårlegare, noko som delvis skuldast at stien gjekk over myr. Anbefalar godt fotty her. I tillegg bad eg vel litt om våte forhold her, då det hadde pøsregna dagen før.

Lite sti på oppstigninga mellom 845 moh. og Kollhaugen, men her fann eg ny blåmerking, så her har lokalt idrettslag eller lokale eldsjeler tenkt at dette skal bli ein godt trakka sti etterkvart. Godt initiativ, med tilrettelegging for tydelgegare sti til toppen, dette varmar eit toppsamlarhjerte!

På veg mot Kollhaugen.
På veg mot Kollhaugen.
Fine og store myrer. Her har det kanskje vore ein stor innsjø etter siste istid, som no har grodd igjen, berre ei lita tjønn att no.
Fine og store myrer. Her har det kanskje vore ein stor innsjø etter siste istid, som no har grodd igjen, berre ei lita tjønn att no.
Intens grønfarge på graset her.
Intens grønfarge på graset her.
Takk for god blåmerking, og oppretting av ny sti her.
Takk for god blåmerking, og oppretting av ny sti her.
Då er eg på toppen!
Då er eg på toppen!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.