Skjerdingfjelltraversen (28.07.2018)

Skrevet av aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Turlengde 7t 31min
Distanse 13,3km
Høydemeter 1349m
GPS
Bestigninger Skjerdingen (1519moh) 28.07.2018
Skjerdingen N1 (1466moh) 28.07.2018
Skjerdingen N2 (1467moh) 28.07.2018
Skjerdingen N3 (1450moh) 28.07.2018
Skjerdingen N4 (1430moh) 28.07.2018
Skjerdingfjellet (1465moh) 28.07.2018

Vi bruka fredagskvelden på å tusle oppover lia for å slå leir i godveret. Plana for morgondagen var å gå Skjerdingfjellet frå nord til sør, og helst rekke oss nedatt før det varsla toreveret slo til. Det skulle vise seg at ein tidleg start frå midt oppe i lia dagen etter var akkurat det som skulle til for å lykkast med den plana.

Gullrekka på NRK utgjekk til fordel for naturens eiga underhaldning denne fredagskvelden
Gullrekka på NRK utgjekk til fordel for naturens eiga underhaldning denne fredagskvelden

Laurdagsmorgonen starta litt gråare enn vi hadde håpa, men det var eigentleg berre greitt at sola heldt seg unna medan vi gjorde unna ein litt tung etappe opp til nordenden av dagens rekke på drøye tjue toppar, om ein reknar med stort og smått. Herifrå fekk vi både meir sol og meir inspirerande terreng - rett og slett stor moro på vegen sørover.

På veg nedatt via Bjøråsskaret forstod vi at det ville bli touch and go på det omtala toreveret. Vi fekk raska saman teltet før det blåste bort, og sette fart med storsekken ned lia mot bilen. Eit par regndropar var det vi rakk å få med oss, før vi fekk oppleve ein skikkeleg "eling" i bilen på veg heim.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.