Snøhetta med fleire. (01.08.2018)  6

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turlengde 9t 04min
Distanse 21,8km
Høydemeter 1588m
GPS
Bestigninger Snøhetta (2286moh) 01.08.2018 12:42
Snøhetta Midttoppen (2278moh) 01.08.2018 13:07
Snøhetta Vesttoppen (2253moh) 01.08.2018 17:02
Andre besøkte PBE'er Gamle Reinheim (1667moh) 01.08.2018 11:05
Snøheim (1474moh) 01.08.2018 19:14

Fin tur i Snøhetta-massivet i dag. 3 toppar kryssa av :) Kroppen kjenner det som den skal, men dett gjer berre godt. Vi hadde planlagt Snøhetta stortoppen og Midttoppen. Vi nådde den fyrste etter ca. 2 1/2 time, og gikk raskt over til Midttoppen. Fantastisk utsikt over stup, brear og frodig landskap. Tilbake til stortoppen vart det litt fotografering, før vi vende ned att.

Vi rekna litt på tida, og kom til at vi skulle ta sjansen på Snøhetta Vesttoppen også. Det kunne halde hardt med tanke på siste buss kl 19:45. Men, det er da husrom på Snøheim.

Det vart ein realtivt tung tur opp mot Vesttoppen sidan vi ikkje hadde berekna mat til denne avstikkaren. Marita sleit, men kjempa seg målbevist opp. Og for ei belønning. Utsikta til toppane bakafor var formidabel. Lyset på vatna, Larstinden og Store Langvasstinden med fleire. Meiestetisk !! Frå litt under toppen, og synet mot toppane frå baksida, var stilig. Siste stykket opp mot toppen, gav verkeleg følelsen av å vere på ein tind. Det vart ein god del fotografering på toppen og litt nedanfor. Veksla nokre ord med to som hadde traversert over Hettpiggen frå aust mot vest. Enkel rapell snakka karen om. Han skulle vidare å ta med Larstinden, medan følgjet hans rusla nedatt.

Vi vende nasen mot Snøheim, og kunne kjøpe ei alkoholfri Atna-øl og Cola kl. 19:15, ein halvtime før siste bussen gikk. Vel blåst, og ei stor oppleving i fjellheimen igjen. Snøhetta-området på Dovrefjell var stoooort !

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.