Nesset: Fløtatinden og Trondskjortetind (19.05.2018)
Skrevet av boven (Ove Lotsberg)
Startsted | Brandstad (180moh) |
---|---|
Sluttsted | Brandstad (180moh) |
Turtype | Fjellskitur |
Turlengde | 7t 31min |
Distanse | 18,6km |
Høydemeter | 1750m |
GPS |
Bestigninger | Fløtatinden (1711moh) | 19.05.2018 |
---|---|---|
Trondskjortetind (1512moh) | 19.05.2018 |
Møre og Romsdal pf 100 1089/1160
Etter kjempeturen til Kongskrona vart det pizza på Sunndalsøra før vi kjøyrde inn Øksendalen og parkerte på Brandstad. Eit par jenter var nettopp ferdige med sin tur til Fløtatind og måtte gjennom eit lite forhøyr om føre og veivalg mm. Torleiv brukte delar av kvelden til tentamensretting i matematikk. Etter gryntelydane å dømme var det ikkje alt som var riktig.
6 stk la i vei før oss med randoutstyr. Vi gjekk igjen for fjellskia som hadde vært ein suksess på Kongskrona. Bæring opp til ca 650 moh, og så var det berre å følgje spora til topps. Passerte eit lystig lag med 5 moldensere. Slapp dei forbi oss igjen rett før siste kneika der vi tok ein matbit. Vi vart nr 7 og 8 på toppen denne dagen. I tillegg 12-15 stk etter oss. Neste topp var Trondskjortetind som eg var spent på. Johan kunne bekrefte at det var greitt å gå på vestsida av fortoppen og opp ei renne. I sida ned frå Fløtatind var det fast og fint, telemarksvingane satt som ein draum. Satte igjen ski og mesteparten av utstyret i skaret og gjekk til fots. Gjekk opp renna til venstre. Då møtte vi klyve langs eit litt luftig parti i ei hylle. Renna som fører rett til varden er bedre, men ser verre ut nedanfrå. Returnerte denne renna og labba opp ca 50 høgdemeter frå skaret før vi kunne gli tilbake til snøkanten i lia. Meir våt og råtten snø her nede, men fjellski funka heilt fint. Enkel retur på god sti til Brandstad.
Kommentarer