Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta (27.03.2018)
Skrevet av boven (Ove Lotsberg)
Startsted | Raubergshytta (1317moh) |
---|---|
Sluttsted | Raubergshytta (1317moh) |
Turtype | Randonnée/Telemark |
Turlengde | 9t 03min |
Distanse | 33,0km |
Høydemeter | 1750m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Håkodalshøa (1732moh) | 27.03.2018 |
---|---|---|
Øst for Håkodalshøa (1677moh) | 27.03.2018 | |
Nørdre Svarthammaren (1798moh) | 27.03.2018 | |
Storaurhøa (1692moh) | 27.03.2018 | |
Storpurka (1614moh) | 27.03.2018 | |
Sør for Storskardhøa (1690moh) | 27.03.2018 | |
Storskardhøa (1871moh) | 27.03.2018 |
Møre og Romsdal pf 100 1076/1159
Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt å motivere seg for Nørdre Svarthammaren. Fekk ein liten mental knekk når eg såg ned på Storaurhøa og avlyste denne umiddelbart. Men etter litt tankevirksomhet og påtrykk frå ungdomen tok vi denne og. Det vart eit stykke tilbake til Storskardhøa. Siste bakken opp gjekk seigt. Og så vart det ei forferdeleg nedkjøyring nordover i eit mannskitføre. No fekk vi igjen for utstyret vi hadde dratt med oss. Kunne sjå hytta på lang avstand i dag, ingen skispor mot den. Så igjen var vi åleine, heilt utruleg. Men så i skyminga kom det frå Kroksleiven: "Det kjem folk, og det er ikkje kødd ein gong". Vi røska saman utstyr og rydda kåken i ein fei. Ein enslig mann i pensjonsalder kom inn. Moldenser og veldig triveleg kar, Torbjørn Kringstad. Etter litt snakk kom vi fram til at vi hadde møttest før. På Dønttinden i Rauma 30. april i fjor. Snakk som samantreff! Han kom frå Bjorli og Aursjøhytta. Nok ein suksessdag i boks. Då gjenstod berre utmarsj og heimreise neste dag.
Kommentarer