Tindefjellet/Jølster - Raskt omgjort til skredterreng (19.03.2018)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Berg (310moh)
Sluttsted Berg (310moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Distanse 4,8km
Høydemeter 480m
Kart
Bestigninger Gygraklovet (748moh) 19.03.2018
Tindefjellet (1083moh) 19.03.2018 Toppen ikke nådd

Skiftande ver denne dagen! Ca 15 cm nysnø i løpet av natt/morgentimar. I løpet av dagen nokre timar med regn/slaps til ca 500 moh. Deretter kaldare ver med vind ifrå nord-nordvest, styrke frisk bris mot aukande liten kuling. Det er ganske så fascinerande å sjå kor effektivt vinden jobber! Med eit ganske så påfølgande interessant føre...Puddersnøen eller "mjellsnøen" som mine eldre på Dagsenteret i Jølster snakker om. Var raskt blitt til historie og gode minner! http://www.yr.no/artikkel/noregsver-gir-ikkje-puddersno-1.12228556
Ingvald K. som skulle luffe etter oss, møtte oss i retur ifrå Gygra. Han var litt usikker på kva slags "kråkekøyrerar" som var å sjå til på nedtur :)

Eindel flakskred var gått, mindre og større sprekkdannelsar var å sjå oppover på og ved ryggen mot Gygraklovet og Tindefjellet. To personer hadde trakka spor vidare oppover, spor som ikkje var aktuelle å følge vidare opp for vår del! Vi valgte denne gangen å snu. Sidan vi då etterkvart hadde all verden av tid igjen av kvelden. Vart det kjempetriveleg med Brit Siv og Ingvald, vidare til middag. Praten og diverse temaer gav seg sjølv... :)

Friskt og fint så langt opp til Gygraklovet!
Friskt og fint så langt opp til Gygraklovet!
Gygra Igloen står der endå, like god som ny :)
Gygra Igloen står der endå, like god som ny :)
Trivelege middagsgjester etter ein heller litt forkorta skitur ilag! Men dette også ein stor del av gleda :)
Trivelege middagsgjester etter ein heller litt forkorta skitur ilag! Men dette også ein stor del av gleda :)

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av ligroenb 20.03.2018 21:42

    Kjenner igjen den Kyllingretten tror jeg ;-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Skrevet av Eikås 20.03.2018 22:21

      Ja...den hadde jo selfølgelig vore perfekt! :) Men den lyt nok være til gode i eit seinare høve! Ein anna ting er at den kyllingretten burde du teke patent på ;) :)

  • -
    avatar

    stekte mandelpoter

    Skrevet av otto 20.03.2018 20:52

    Skal si du kan kokkekunsten Janne.. Bortsett fra vann i glasset som burde hvert erstattet med rødvin..

    • -
      avatar

      Sv: stekte mandelpoter

      Skrevet av Eikås 20.03.2018 21:43

      Ha-ha gode Otto :) Det var nok mandelpotetene med god hjelp ifrå Miriam som berga den middagen! :) Men ja... det hadde gjort seg så absolutt med rødvin i glasset og mandelpotetene skulle ha vore ifrå Oppdal :)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.