Skjeltrene (13.03.2018)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 2t 46min
Distanse 9,6km
Høydemeter 486m
GPS
Bestigninger Skjeltrene (1393moh) 13.03.2018 18:04

Lysare kveldar, og eg rakk ein topptur etter arbeid. Avspasserte ein halvtime, og køyrde til Filefjell. Det vart ein fantastisk tur. 15 - 20 cm pudder, så litt tungt opp i skogen. Heilt urørt terreng etter nyleg snøfall. Stille.

Start ved rasteplass Grønlistølen.
Start ved rasteplass Grønlistølen.

Eg gikk rundt toppen, til Grønevatn, og opp på baksida, då eg rekna det for tryggast. Sola skein, sett bort frå når eg runda fjellet på austsida, og kom i skuggen. Men eg nådde att sola då eg nærma meg toppen. Fekk med ein solnedgang på veg opp. Himmelsk.

1311 toppen nærast. Toppunktet ligg bakom den.
1311 toppen nærast. Toppunktet ligg bakom den.
Hytta rett før Grønevatn.
Hytta rett før Grønevatn.
Solnedgang på veg opp :)
Solnedgang på veg opp :)
Toppunktet og utsikt mot Valdres.
Toppunktet og utsikt mot Valdres.
Stølsnostind, Falketind, Hjelledalsting og Uranostind
Stølsnostind, Falketind, Hjelledalsting og Uranostind
Hurrungane.
Hurrungane.
Vakkert mot Valdres.
Vakkert mot Valdres.
Nedkøyringa frå toppen. Mykje snø !
Nedkøyringa frå toppen. Mykje snø !
Takk for i dag :)
Takk for i dag :)

Var nede att i bilen i skumringa, og fekk slik sett med det flotte raude lyset som avsluttar dagen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.