Skårsfjellet og Maifjellet (09.11.2017)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Skarvatnet (215moh)
Sluttsted Skarvatnet (215moh)
Turtype Fottur
Turlengde 8t 00min
Kart
Bestigninger Hytterørin (617moh) 09.11.2017
Lønsetfjellet (755moh) 09.11.2017
Maifjellet (808moh) 09.11.2017
Skårfjellet (601moh) 09.11.2017

Gjekk via Skaret til Elsåssetra på merka sti til Skårsfjellet som har vardebok. Ein halvfin formiddag etter regn i morgontimane, men veret forverra seg med vestavind, snøbøyer og skodd som låg nedpå. Gjekk likevel vidare til Maifjellet og kom under skydekket ein periode. Oppe på Maifjellet opplevde eg det verste veret og nokon gong har hatt på ein topp og skreiv nok den styggaste underskrifta mi nokon sinne i ei vardebok i sterk kuling, hagl og snø. Gjekk ned igjen i vestsida og fekk då denne forferdelige piskinga rett i trynet før bøya gav seg. Frå Langdalsreset gjekk eg ned i Langdalen på vestsida av bekken. Nede ved Langdalsvatnet på merka sti/ veg via Malmesætra. Lite vind nede i dalen men fleire lyn om kvelden så det blei ein av turane i haust eg hugsar best, men fotoapparatet blei lite brukt denne dagen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.