Sprovstinden og Gjølbotntinden (09.10.2017)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Ørskogfjellet (319moh)
Sluttsted Ørskogfjellet (319moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 15min
Kart
Bestigninger Gjølbotntinden (957moh) 09.10.2017
Gjølbotntinden sørvest (875moh) 09.10.2017
Sandtinden (1068moh) 09.10.2017
Sprovstinden (1194moh) 09.10.2017
Varguraksla (772moh) 09.10.2017

Etter ei veke med fleire regnversdager var det i dag sol frå meste skyfri himmel, og med haustens fyrste melislag på toppane var dette ein vanvittig flott turdag. Lette ei stund etter ein fornuftig plass å parkere i litt avstand frå E39 mtp nattero sidan eg ville vera på Ørskogfjellet nokre dager. Det var nedsatt fart og vegvesenet hadde kontroll, men eg blei ikkje vinka inn. Så kom plutselig onkel blå i stor fart og kjørte forbi med blålys. Pusta letta ut då dei ikkje var ute etter meg, hehe.
Vegen til skisenteret var stengt med bom nær E39, men eg fant ein brukande plass langs vegen til Måslia som er stengt med bom drøyt 100 m frå E39. Frå skisenteret gjekk eg opp langs alpintraseen og vidare austover i ura opp til Sandtinden og Sprovstinden. Traff ein mann som var på veg ned. Hadde lang pause på toppen der det var flott utsikt mot dei mektige Romsdalstindane i aust og Sunnmørsalpar i sør og vest. Gjekk så vidare til Gjølbotntinden som ein ekstra bonustopp. På returen haldt eg meg på drøyt 800 moh vestover fjellsida for å unngå dei stygge skrentane lenger nede. Mørket falt etter kvart på og lommelykta måtte fram før ein litt avdanka fullmåne overtok for belysningsbehovet. Sør for Sandtinden var det lettgått til Varguraksla der det var trimbok og sti opp frå Måsliavegen.

På Ørskogfjellet med utsyn mot morgondagens mål Brustinden/ Trolltinden.
På Ørskogfjellet med utsyn mot morgondagens mål Brustinden/ Trolltinden.
Mot dagens mål Sandtinden med Sprovstinden bak.
Mot dagens mål Sandtinden med Sprovstinden bak.
Alpintraseen med Sandtinden t.v. og Varguraksla t.h.
Alpintraseen med Sandtinden t.v. og Varguraksla t.h.
På Sandtinden med Sprovstinden i bakgrunnen.
På Sandtinden med Sprovstinden i bakgrunnen.
Jutevatnet 525 m t.v. og Lauparen 1434 m i midten bak.
Jutevatnet 525 m t.v. og Lauparen 1434 m i midten bak.
NV mot Blåskjerdingen 1069 m i det fjerne som er snøfri. E39 over Ørskogfjellet framst.
NV mot Blåskjerdingen 1069 m i det fjerne som er snøfri. E39 over Ørskogfjellet framst.
Nord mot Trolltinden 1170 m, Ytstetinden 1062 m og Remmemstinden 1090 m.
Nord mot Trolltinden 1170 m, Ytstetinden 1062 m og Remmemstinden 1090 m.
På Sprovstinden med Romsdalstindane i bakgrunnen.
På Sprovstinden med Romsdalstindane i bakgrunnen.
Eg blei ikkje fyrste mann på toppen i dag.
Eg blei ikkje fyrste mann på toppen i dag.
Utsikt utover Moldefjorden.
Utsikt utover Moldefjorden.
Mot Gjølbotntinden.
Mot Gjølbotntinden.
På Gjølbotntinden i blåtimen med Molde i bakgrunnen.
På Gjølbotntinden i blåtimen med Molde i bakgrunnen.

Zoombilder av utsikt aust og sørover frå Sprovstinden.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Store pf topper

    Skrevet av otto 16.12.2017 15:56

    Godt å se at du har interessen for de store pf-toppene. Ingen tvil om at samlelisten "knuser" peakbooks andre samlelister sønder og sammen..

    • -
      avatar

      Sv: Store pf topper

      Skrevet av kolla 16.12.2017 22:06

      Genial liste den pf topp 1000-lista. Snart meir populær enn kommunetopplista faktisk. Ser i ettertid at eg har oversett fleire kommunetopper, men får ta dei på neste møreturne.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.