Gråfjellet og Fagerfjellet (08.10.2017)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Sæteråsen (909moh) | 08.10.2017 13:01 |
---|---|---|
Gråfjellet (1009moh) | 08.10.2017 14:02 | |
Fagerfjellet (978moh) | 08.10.2017 15:56 |
Tur med Kristine til Gråfjellet og Fagerfjellet i Åmot. I frå Hamar køyrde vi til Rena, derifrå følgde vi elva Rena nordover forbi Deset, og tok av ved Søndre Løsset. Planen var å køyre heilt opp Finnskjeggtjennet, men vegen var stengd med bom ved grensa til skytefeltet. Det sto advarsel om ferdsel i område, så vi ringde og høyrde om det var trygt å ferdes, noko det var. Vi gjekk i vegen oppover bilvegen til litt forbi Nordsetra og gjekk råk derifrå. Vi tok ein liten avstikker oppom Sæteråsen på veg mot Gråfjellet. Det var godt råk heile vegen til Glesåtjenna. Derifrå gjekk vi i terrenget opp på Gråfjellet. Frå Glesåtjenna gjekk vi på eit ganske vått råk til bilvegen. Vi følgde så bilvegen nesten heilt opp til Fagerfjellet. Frå Fagerfjellet gjekk vi i terrenget ned til ein bilveg, den følgde vi ein stund før vi tok ein snarveg gjennom skogen til ein anna veg før Nordsetra. Litt kald vind, og litt skye, men elles fint vêr. Ein fin tur.
Kommentarer