Vinjanuten fra Veka (25.08.2017)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Vinjanuten (1105moh) 25.08.2017

Finverstur til Rogalands Pf-topp nr. 1! Parkerte ved Rv.13 på Veka og leidde sykkelen opp veien til kraftverket på 590moh. Det blei knapt med sykling, men den var mest for nedturen. Veien er kjørbar med 4-hjulstrekk, for det stod ein slik ved kraftverket.
Gjekk vidare opp til tjørna på 850m og til venstre opp et bratt, men farbart bekkejuv, heilt mosegrodd og særeige. Herifrå greit til topps fra nordaust og den fine varden. 1 time 45 min på 1000 hm gir 10 min per 100 hm, som bør vera bra!

Fra oppstigninga mot Suldalsvatnet og Såta bakerst
Fra oppstigninga mot Suldalsvatnet og Såta bakerst
Fra oppstigninga mot bl.a. Skaulen bakerst
Fra oppstigninga mot bl.a. Skaulen bakerst
Fornøgd på Vinjanuten!
Fornøgd på Vinjanuten!

God sikt på toppen, såg bl.a. Gullingen, Napen og Såta, Skaulen ruva i nord, og Hustveitsåta og Vindafjorden viste godt i vest. Grått på dei aller høgaste nutane og skiftande skydekke.
Retur same vei, og var nede ved sykkelen igjen på 45 min. Så 20 min kontrollert nedfart, der eg måtte av sykkelen i dei brattaste partia.
Snaue 3 timar på tur, og sykkelen sparte meg nok for 15-20 min. på returen - og ikkje minst sparte det knea.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.