Høgbrøtet (22.07.2017)

Skrevet av OdMaAl (Oddvin Almenning)

Turlengde 4t 54min
Distanse 13,1km
Høydemeter 529m
GPS
Bestigninger Høgbrøtet (1630moh) 22.07.2017 14:33
Høgbrøthøgde (1821moh) 22.07.2017 15:51
Andre besøkte PBE'er Fondsbu (1065moh) 22.07.2017 18:56

Under Vinjerock 2017 gjekk eg frå Fondsbu og oppover langs Mjølkedøla. Rett før gangbrua over Mjølkedøla dreia eg nord-aust mot Høgbrøtet. Etter ein pause gjekk eg nord-vest mot Høgbrøthøgde. Gjekk oppover ein bratt brede. Det var så varmt i veret at eg fekk sparka meg gode steg. Her hadde det ikkje vore lurt å gå om breen hadde vore hard, for breden enda i ei steinrøys. Flott utsikt i alle retninga frå Høgbrøthøgde. Gjekk nordover og ned til DNT-sti som eg følgde nedatt til Eidsbugarden. Veldig heldig med veret, og glad for at eg hadde hugsa å bruke solfaktor 50.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.