Romsskåla (11.07.2017)  3

Skrevet av bakken59 GSM

Turlengde 3t 02min
Distanse 7,3km
Høydemeter 552m
GPS
Bestigninger Romsskåla (588moh) 11.07.2017 12:35
Andre besøkte PBE'er Romsskåla P-lomme (40moh) 11.07.2017 13:57

Etter våt natt i telt utan kvalitetsvevn for å seie det mildt, sov eg ein time i bilen medan regnet dundra ned utafor. Så starta eg turen til Romsskåla. Lummert opphaldsver delar av vegen oppover. Greidde å bomme på staden der stigen tar av frå kjerrevegen sjølv om Knut Sverre hadde advart om det. Måtte snu. Hadde ikkje nett, og lite batteri på gps'en, så eg gjekk berre på raude merke og vardar. Fungerte ganske greitt, men litt pussig merking gjorde at eg måtte reorientere meg nokre gonger og ta meg inn att. Trur dette eigenleg er ein kjempefin tur, men eg hadde altså minimal med sikt. Då det var opphaldsver, var det mykje fluger, og på toppen starta det å regne att. Såg ein glimt av Heilhornet på veg opp, og gjekk så på vona om å få eit ordentleg syn seinare, men akk nei. Den nye peakbookappen loggar kortare avstandar og færre høgdemeter enn garminklokka mi. Etter klokka gjekk eg 8,22 km, og 588 hm. Gjekk seint i tunge klær og støvler i dag, der eg var kvikk i går. Brukte 2 timar og 57 minutt.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.