Hermannsdalstinden i knallvær (07.07.2017)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Startsted Forsfjorden
Sluttsted Sørvågen (6moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 10t 00min
Distanse 14,9km
Høydemeter 1455m
GPS
Bestigninger Tennestinden Sørvest (448moh) 07.07.2017 11:44
Hermannsdalstinden (1029moh) 07.07.2017 13:56
Andre besøkte PBE'er Forsfjorden hurtigbåtkai (1moh) 07.07.2017 10:44
Munkebu (410moh) 07.07.2017 18:30

Buss til Reine, båt til Forsfjorden, og så opp frå kraftstasjonen. Ein hyggjeleg tyskar, Michael, tok følge med oss, og dermed fekk han selskap der han nok kanskje hadde stått over sjølve toppen. Vi pusta på med jamne intervallar, og greidde oss bra opp den bratte eggen, og opp den siste biten med klyving i kampesteinar. På toppen talde vi i den tida vi var der ein tyskar, to tsjekkerne, ein nederlendar, ein sveitsar, ein kanadensar, tre amerikanarar og oss. Sveitsaren hopp frå stein til stein på toppen, balanserte oppe på vardesteinen (sjå biletet), og var totalt uaffisert av dei luftige omgjevnadene. Det var ikkje vi! Heimturen om Munkebu til Sørvågen var dryg, pb-appen viste tre km kortare enn garmin, der vi runda 17 km og 1660 hm. Veret var berre heilt fantastisk, og det blei i grunnen berre betre og betre utover dagen. Knappe 10 timars tur. Anne, Eirik, Tom og Michael var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.