Romsdalshorntraversen via nordvestkanten (11.06.2016)  6

Skrevet av Lukken (Ole André Lukkedal)

Startsted Vengedalen
Sluttsted Vengedalen
Turtype Alpin klatring
Turlengde 11t 00min
Kart
Bestigninger Hornaksla (1511moh) 11.06.2016
Lillehornet (1538moh) 11.06.2016
Olaskartinden (1536moh) 11.06.2016
Romsdalshornet (1550moh) 11.06.2016

Fantastisk tur med johnnyaa (Johnny Aarseth) der vi reiste inn frå Stette på fredagen og drog først i Boshveggen og fikk trene litt både på tradklatring og fotarbeid på sva. Etter kvart så kom vi opp i Vengedalen der det var overraskande lite folk. Sette opp teltet, fyrte opp bål og rigga barskapet.

Dagen etter starta vi å gå klokka 06.15. Det var nydelig ute og knapt ikkje ei sky og sjå.

Etter kvart starta vi på klatring på ruta nordvestkanten (5-). Topoen i boka "Klatring i Romsdal" er relativ sparsom. Johnny laga denne topoen i forhold til varianten vi klatra:
Veldig fin rute som gav mykje meir klatring enn normalruta i Nordveggen. Stort sett greitt og sikre og mange fine kileplasseringer.

På toppen var det magisk. Nesten heilt vindstille og lysta til å bryte opp for å gå vidare var ikkje spesielt sterk når ein hadde det så flott. Eit fly tok også turen innom for å helse på oss.

Etter dette vart det to rappellar ned frå Romsdalshorn til skaret mot Lillehornet, klyving opp på Lillehornet og to nye rappellar ned her. Den siste var lang (55m) og luftig med to overheng der ein fekk dingle litt. Har "respekt" for dei som går usikra ned frå Romsdalshorn. Eg syns det er eksponert nok til at rappell er å føretrekke.Etter rappellane frå Lillehornet var det klyving opp til Hornaksla. Sekkane vart lagt igjen på snøen nedom Olaskartinden og vi tok ein rask oppgang her. Returen gjekk ned i dalen mot Romsdalhornet. Hadde heldigvis lest rapporten til Ole Petter som sakna isøks denne vegen så den var med. Vart likevel spanande nok ned dalen her. Snøen var tidvis tynn med is under og ei utglidning var ikkje spesielt ønska i dette området.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Nordvestkanten

    Skrevet av rambolinda 20.07.2016 08:29

    Flott med topo til nordvestkanten! Er gradene omtrent riktitge slik de er beskrevet?

    • -
      avatar

      Sv: Nordvestkanten

      Skrevet av Lukken 05.08.2016 16:49

      Syns gradane er ganske riktige ja. Om noko så fann eg det vanskeligare enn 2/3 i starten. Det er dog ikkje sikkert eg tok enklaste veg :-)

  • -
    avatar

    Nordvestkanten

    Skrevet av oddis 19.06.2016 10:19

    Bra rapport. Regner med det er fler enn meg som blir inspirert til å klatre Nordvestkanten etter å ha lest denne.

    • -
      avatar

      Sv: Nordvestkanten

      Skrevet av SturlaS 19.06.2016 10:27

      Enig! God rapport fra en flott tur. Fortsatt mye snø..

      Nordvestkanten står allerede på to-do-lista neste gang jeg skal på hornet, men turen videre hadde jeg ikke tenkt på.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.