Aukra: Eidskremheia (18.06.2016)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Eidskrem (50moh)
Sluttsted Eidskrem (50moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 19min
Distanse 5,4km
Høydemeter 440m
Kart
Bestigninger Eiskremheia (493moh) 18.06.2016
Flotte bygningar på vei til Eidskremheia.
Flotte bygningar på vei til Eidskremheia.

No samlar eg ikkje kommunetoppar, men sidan eg manlga berre 4 i M&R var det nok til at eg kunne fylle dagen med denne turen. Tvilar likavel på om den lista blir fullført sidan eg då må ut til Smøla og plukke Ramndalshaugen på 70 m. Ruta opp til Eidskremheia er lett å finne og andre har skrive godt om denne med GPS-spor. Snakka først med karen som budde på nedsida av veien om parkering. Det er ikkje ønskjeleg at folk parkerer langs hekken rett nedanfor der ruta startar, fordi ein då blokkerer for sikta når dei skal inn på veien. Forståeleg nok. Så gjorde han meg merksam på at det no var laga ny parkeringsplass på oppsida av veien berre 50 meter lenger borte. Der kunne eg og overnatte med bobil sa han. Takka og bukka for dette og kom meg avgarde. Skodde og frisk vind på toppen. Møtte ein blid joggar på vei nedover. Tilbake i bobilen vart det middag og 2 kalde.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av ligroenb 18.06.2016 22:24

    Forseggjorte sel

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.