Fræna: Røssholfjellet (18.06.2016)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Malmedalen (125moh)
Sluttsted Malmedalen (125moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 19min
Distanse 6,2km
Høydemeter 515m
Kart
Bestigninger Røssholfjellet (587moh) 18.06.2016
Greie forhold på Røssholfjellet. Kjapp tur. Ruta går ikkje inn i Såtskaret, men bratt opp skogen frå søraust. Det er godt merka frå parkeringa. Du må gjere ein knapp sving etter eit stykke og gå over 2 mindre bekkar før du kjem inn på den andre skogvegen. Skilta og staka.

Kom frå Sekken der eg hadde plukka dei 2 pf 100 som er på øya. For å fylle dagen hadde eg nokre småtoppar på blokka. Denne har pf rundt 99. Greitt å ta med når ein først er i området. Parkerte på vestsida av veien, her er det stor parkering og infotavle. Prata med eit eldre par som kom ruslande om føret oppi lia. Eg trudde eg måtte gå inn til Såtskaret, men stien går meir rett på Røssholfjellet. Det er merka med store stikker og ikkje muleg å ta feil på veldig tydeleg sti. Kort besøk på toppen før eg sprang nedigjen. Unngikk nedbøren og kom meg vidare til Aukra og Jærmannsburet i tørr forfatning.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av ligroenb 18.06.2016 22:23

    Kunne nesten lese feil vokal der ....

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.